Baneplan pr. 7.4
MORGONTRENINGA I GANG!
|
Etter treninga var det felles frokost
|
I dag, tysdag 1. april kl. 0600, starta Ørsta Fotball sitt T8-prosjekt opp. 12 utøvarar og 3 instruktørar gjennomførte ei fin treningsøkt på KGB, og avslutta med frokost på klubbhuset. På denne første treningsdagen var desse med: Eskild Dagfinrud, Agnar Lied, Tomas Indrearne, Andre Dvergsdal, Kristoffer Birkeland, Dino Redzepagic, Petter M Aasen, Kim Andre Myklebust, Håvard Sandvik, Vebjørn Steinnes, Espen Standal og Jørgen Winjevoll.
Instruktørar denne dagen var Arnstein Sandvik, Jon Olav Kriken og Audun Steinnes.
MOTVASJONSSAMLING FOR T-8
|
T-8 hadde ikkje vore mogleg utan Sparebank1!!! Her representerte ved Bernt Østgaard i midten. Til venstre sportsleg leiar K.E.Dagfinrud, og til høgre dagleg leiar for T-8, Arnstein Sandvik.
|
Mandag 31.3 vart det halde motivasjonssamling for deltakarane i T-8 i forkant av oppstart av prosjektet tysdagsmorgonen. Møtet var ope for andre interesserte også, og kring 25 var til stades. Reidar Vågnes var til stades og delte sine røynsler frå eit langt liv som fotballspelar, trenar og leiar, og ikkje minst røynsler med å trene tidleg og mykje.
Vågnes var oppteken av å fokusere på det ein er god på; å perfeksjonere det og gjere det større, og synte til at ein knapt kan finne ein toppspelar som ikkje også har svake sider.
Ein annan viktig føresetnad meinte Vågnes var treningstalenet som han definerte som vilje og tåleevne til å trene mykje.
Han syntes prosjektet vårt var spennande og rett satsing, og ønskte oss, kvar og ein, lukke til på vegen til å finne ut kor gode vi kan bli.
Vår samarbeidspartner Sparebank1 var også til stades på samlinga og fekk dermed også nærare innblikk i kva som skal skje vidare. Sparebank1 er tungt inne og finansierer prosjektet. Det vart også kjent Westres Bakeri sponsar brød til frokost!
Møte Aldersbestemte lag.
|
Alle lag samla i 2005
|
Alle trenarar og lagleiarar for lag G/J 2001 til G/J 94 skal møte på klubbhuset Torsdag 3. April kl. 20.00
Viktig informasjon før sesongen 2008!!!!
Utstyr, drakte, overtrekk, jakke til trenar/lagleiar, heimeside, baneplanen/treningstid-mengd, kampsesongen, nøklar til klubbhuset, stadionlys, økonomi, styrets arbeid, eventuelt...
Stein Aam, Arne Johan Rebbestad og Øystein Aasen kjem for å informere om klubbdrifta 2008.
T-8: Motivasjonssamling i kveld 31.3. kl 18.30
A-LAG: Treningskamp laurdag 29.mars
Kom og sjå bygdas beste menn mot Hornindal på KGB kl. 15.
SLUTT: Ørsta 8 Hornindal 1. (4-0)
Svak motstand frå Hornindal. Spissane Aam og Standal synte igjen at form og samspel fungerer godt med hhv 4 og 2 scoringar. Dei 2 siste scoringane var ved Solem og S. Winjevoll.
Neste test er heime mot Hødd 2 laurdag 5.april.
Kamprapport ligg ved som word-fil.
2 FRÅ ØRSTA PÅ FYLKESLAGET FOR GUTAR
MOTIVASJONSSAMLING MED REIDAR VÅGNES
Mandag 31.3 kl. 18.30 vert det motivasjonssamling på klubbhuset for deltakarane i Talent 2008. Samlinga vil vare i 30 - 45 min., og vert halden i Storsalen. Det kan vere lurt å skifte til treningstøy før samlinga for dei som skal på bana etterpå.
Samlinga er open også for andre enn deltakarane i Talent 2008.
Vel møtt!!
Småbordsdans for alle
Store endringar på baneplanen!!! Pr. 1.April
|
Her vann Rosenborg 2-0 i haust...
|
12 |