TUSEN HJARTELEG TAKK TIL VÅRT FANTASTISKE BANEMANNSKAP

AUDUN OG ØYSTEIN SKAL HA STOR TAKK FRÅ ALLE AKTIVE I ØRSTA FOTBALL FOR EIN HEILT UTROLEG JOBB MED KUNSTGRASBANA! UTEN DEI VILLE FOTBALLEN I ØRSTA STOPPA OPP.  

BERRE NESTEN FOR JUNIORANE!

Ørsta sine juniorar spelte siste og avgjerande kvalifiseringskamp mot Herd i Sunnmørshallen laurdag 1.3. Den enda med tap 1-5 til slutt, etter 1-3 ved pause. Ørsta var godt med og jaga utlikning, inntil Herd sette inn sitt 3dje mål like før pausesignalet.

Ørsta sitt mål vart sett inn av Espen Standal.

Dermed vert det 2.divisjonsspel for gutane i år, etter 3.plass i pulja. Det unge laget held med unnatak av 2 spelarar junioralder i 2 år til, så her er det ingen grunn til å henge med hovudet. Juniorlaget skal også delta på Danacup i sommar.

Juniortrenarar for sesongen er Frode Tømmerbakk, Werner Sundalskleiv og Jan Erik Brattteberg.

ref. ked


ROGER HOLEN HOVUDTRENAR FOR JENTENE!

Ørsta Fotball er glade for å melde at Roger Holen har takka ja til ha hovudansvaret for jente/juniorjentene i klubben. Kven han vil få med seg er enno ikkje endeleg avklara. Vi ønskjer både jentene og Roger lukke til! 

sportsleg leiar


Guttelaget klare for 1.div. spel i 2008

Guttelaget spelte sin siste kval. kamp i Sunnmørshallen søndag 24.2. mot Spjelkavik. Ein var nær sikra spel i 1.div. uansett utfall, medan Spjelkavik var avhengige av siger. 1 omg. var litt prega av nettopp det, og relativt jamnspelt, sjølv om Ørsta hadde flest sjansar. Stillinga ved pause var 1-1, etter at Spjelkavik tok leiinga på straffespark, og Ørsta utlikna ved Kristoffer Birkeland etter eit godt angrep mot slutten av omgangen.

I andre omgang tok Ørsta fullstendig over og produserte 6-7 klare målsjansar som burde gitt uttelling. I staden scora Spjelkavik på si einaste avslutning i omgangen på overtid; eit frispark/innlegg frå sida og langt hald, som segla over alle og gjekk inn i lengste hjørne. Heldigvis så var ikkje avansementet trua trass tap, så gutane slapp med skrekken.

Prestasjonar under pari på alle denne gong. Ros til Mads og Arne som sporty stilte som målmenn i kvar sin omgang. Dei kunne slett ikkje lastast for nederlaget.

Dermed gler vi oss til spel mot dei beste i sesongen, 1. div. består i tillegg av: SIF/Hessa, Spjelkavik, Langevåg, Volda, Sykkylven, Herd, Hødd, Bergsøy og Aafk.  


Baneplan 1-11 + snart tid for resten av vårsesongen....

AMIR, humørspredar og fantastisk keeper på G 16.

Nokre små endringar på planen for fredag/laurdag.

Ynskje om treningstider etter påske må eg få inn seinast 29.2. Vil då lage til treningstide frå veke 12 til seriestart (ca. veke 17)...

Arnt-Helge:  arnt@mosmarka.no


TAP I KVALIFISERINGA FOR JUNIORLAGET

Juniorlaget spelte søndag sin 3. av i alt 4 kampar i kvalifiseringa mot Skarbøvik i Sunnmørshallen. Skarbøvik hadde eit meget godt lag og vann klart 6-0, etter 3-0 ved pause. Noko skuffande spel frå våre gutar som kom tidleg bakpå, og aldri makta å kome skikkeleg inn i kampen. Bestemann på søndag var Dino.

Trøysta lyt vere at det gjenstår ein matcball til mot Herd 1. mars. Med siger der, vil laget høgst sannsynleg vere kvalifiserte for 1 div. spel.

ref. ked 


G 16

To seiarar og ein uavgjort så langt i kvaliken... Ein kamp igjen.
Lagbilde av G 16 før kvalikkampen no i helga. Flott gjeng med masse talent og kjempe humør! Manglar Amir og Andreas.

SIGER TIL BÅDE JR. OG GUTTELAG I HELGA!

Begge lag spelte kvalifiseringskampar til 1. div. i Sunnmørshallen i helga. På laurdag vann jr. 2-0 mot Skodje, og har dermed full pott etter 2 av 4 runder. Øystein Hovden og Espen Standal laga dei tidlege måla. (2. og 4. min!) det betyr at jobben er gjort mot dei antatt svakaste laga i gruppa, medan dei to tøffaste kampane mot Herd og SIF gjenstår. Slår ein eitt av laga vil ein mest sannsynleg vere kvalifisert, så sjansane er gode!

Guttelaget spela søndag sin 3. kamp, (Valder) og vann komfortabelt 5-1. Kristoffer, Christoffer og Espen (3) laga måla. Siste kamp går om 3 veker mot Spjelkavik, og mykje skal gå gale om laget ikkje kvalifiserer seg som eitt av dei 2 beste laga, eller som beste eller nestbeste 3.lag.

 

ref. ked


UAVGJORT FOR GUTTELAGET!

Guttelaget spelte sin andre kvalifiseringskamp for 1. div i Sunnmørshallen søndag 27.1. Kampen gjekk mot SIF/Hessa. I første halvdel vart gutane pressa langt attende på bana, og det var fullt fortent at demmagutta leia 1-0 ved halvtid. I andre omgang var kampen noko jamnare ikkje minst sjansemessig, og det kom difor ikkje som noko stor overrasking at Dino utlikna på straffespark like før slutt. Alt i alt eit litt heldig poeng på ein under pari dag, men svært viktig i høve til muligheitene for kvalifisering. Dei bør absolutt vere gode etter ein siger og ein uavgjort i dei 2 første kampane. Neste kamp er mot Valder komande søndag.

ref. ked 


Baneplan veke 5-11 pr. 26.1

Øystein i farta på stadion under Kiwicup 2007

NB !! Old Boys ynskjer treningstid tysdag kl. 21.00, men må ta ibruk onsdag kl. 21.00. Sæbø ynskjer full bane på tysdagane.

Dei laga som har fått tildelt treningstid og ikkje kjem til å bruke tida si fram til Påske må gi beskjed. Det er mange lag som kunne tenke seg andre treningstida, og då er det for teit at bana står der ubrukt. Å be om treningstid for så å ikkje bruke den er dårleg gjort ovenfor alle andre lag, skjerp dokke!!!! Det er ingen grunn for at ein ikkje skal trene på bana no. Audun og Øystein gjer ein kjempe jobb med å holde bana i topp stand.

Gi tilbakemelding på sms 95202608 eller arnt@mosmarka.no



14