GOD START PÅ KVALIFISERINGSKAMPANE TIL 1.DIV.

Juniorlaget starta laurdag 19.1 mot Emblem, og vann ein sikker 4-1 siger. Målscorarar var Espen og Øystein H med 2 kvar.

Søndag 20. var det guttelaget sin tur mot Åheim. Gutane vann 8-1 etter ein godt gjennomført kamp. Målscorarar var Espen, (3) Eskild, (2) Jørgen, Christoffer og Kristoffer.


JUNIORJENTE/JENTE STARTAR OPP!

Første trening vert mandag 14.01. Treningane vert mandagar og torsdagar kl. 18. Treningane vert leia av Audun Steinnes. Vel møtt!!

Sportsleg utval 


FØREBELS A-STALL OG GRUPPEINNDELING, MENN

Endeleg A-stall vert fastsett i månadsskiftet februar/mars. Det vil også vere høve til å kvalifisere seg for evt. spelarar utanfrå fram til då. Sjå den vedlagte fila.

Sportsleg utval v/leiar


BANEPLAN 2008 PR. 2.JANUAR

Ørsta A-lag sin nye trenar!

No er baneplanen for veke 1- 11 klar. Dei som skal trene i Ørsta må følge denne. Siste frist for endringar 3. januar kl. 10.00. Send til arnt@mosmarka.no om det er noko...

Eg er ikkje tilgjengeleg 4.1-20.1. Dermed ingen endringar i denne perioda...


TRENARTEAMET FOR A-LAGET PÅ PLASS!

Søndag 30.12.2007 vart trenarteamet for A-laget tilsette for 2 år framover. Hovudtrenar vert Einar Myrold med Inge Lade og Terje Kjøde som hjelpetrenarar. Første treningsdag på nyåret vert torsdag 3.1. kl. 19.30.

Sportsleg utval er svært nøgde med opplegget som vart presentert for den førebelse A-stallen søndag, og ønskjer dei 3 lukke til med det store arbeidet som ventar.

 

Kjell-Einar Dagfinrud, sportsleg leiar

 


Jørgen og Kristine til Island med Team Møre!

Jørgen Winjevoll (14) og Kristine Solem (14) er mellom dei som er tatt ut til å representere fylket i landskampar mot aldersbestemte landslag frå Island i februar neste år. Vi gratulerer!!

Organisasjonsplan for Ørsta Fotballen.

Pokalen til G 16...

I excel vedlegget ligg den nye organisasjonsplanen til Ørsta fotball. Som ein kan sjå har ein fått på plass mange engasjert personar. Dette lovar godt for fotballen i Ørsta.

Ligg også med kontaktliste for dei som er med i ulike styre eller utval.


Ørsta har med 3 spelarar på sonelag for 13 åringar

Christoffer Bjerknes, Mats Øvrebotten, Benjamin Yndestad Aam.
Laurdag 1. desember var dei i sunnmørshallen og spelte kampar mot andre sonelag. Vår gutar klarte seg veldig godt. Flott innsats og gode representantar for Ørsta fotballen.

Treningstide for A-laget fram til jul e klare!!

Blir dette den nye trenaren frå nyttår, neppe....

Einar Myrold skal trene A-laget fram til Jul! Det blir felles treningar med junior Måndagar 18.00, tysdagar og torsdagar kl. 19.30. Dokke vil disponere heil bane desse tidene.

Oversikt over treningstide for alle lag ligg i baneplanen!


Baneplan 42-52, pr. 07.12.2007

Endringar på baneplanen frå veke 50, alle lag må følge med.

A-laget og junior G startar opp med organisert treningar!!



15