Ny trenar for junior gutar klar.
|
Tenk om det blir ein av dokke som står der nede ein dag....
|
Frode Tømmerbakk, Jan Erik Bratteberg og Werner Sundalskleiv har tatt på seg å trene våre talentfulle juniorar neste sesong. Dei startar opp med eit møte laurdag 8.12. kl. 10.00 på klubbhuset.
Ei treningsøkt i etterkant av møte. Ute eller inne, ta med utstyr til begge dele...
Treningstide fram til jul vil blir presentert på laurdag under møte. Samt opplegget framover...
Vi ynskjer dei lykke til og har store forhåpningar til desse tidlegare storspelarane i Ørsta.
Vil samtidig takke Audun for ein kjempe jobb med juniorane i sesongen 2007.
|
Pokalane vunne under KM i haust. Gratulere gutar, ikkje berre dei som var på laga, men alle som spelar for Ørsta i.l. har stor fortjeneste. Takk for nokre fantastiske helgar...
|
Nok ei finale for Ørsta. Denne gangen G 15
|
Vi flaggar for alle laga som Ørsta har hatt med i KM i år. Takk gutar og jente for at dokke er gode representantar for Ørsta!!
|
Flagget må til topps ein gang til. Gutane hangla seg gjennom innleiande spel på laurdag då det vart 2 uavgjorte og 1 seier. Men i mellomspelet starta det å fungere bedre. 2 sigra 4-3 og 4-1, dermed klart for kvartfinale mot Herd1. Den vart vunne suverent 7-1 og dermed semifinale mot dei gutane håpte på, Hødd (det var Hødd eller Aafk1). Og gutane hadde full kontoll på Høddarane og vann 5-1. Dermed finale mot Aafk 2, dei hadde turneringa sin toppscorar. Aafk 2 var det laget ilag med Ørsta som hadde spelt best fotball. Ørsta pressa Aafk tilbake og hadde eit par store sjansar iløpet av dei første 10-12 minutta. Aafk får eit mål og kampen jamnar seg ut, mot slutten blir det fleire mål til Aafk og dei vinn til slutt 4-0...
Dermed har Ørsta desse resultata å vise til i årets KM: G 13 kvartfinale, G 14 sølv, G 15 sølv, G 16 GULL, G 19 fjerdeplass. Dermed har KM nesten vore ein kamp mellom Ørsta og Aafk....
KM meister ØRSTA G 16!! GRATULERE!!
|
No har vi to finaler på to forsøk blandt gutane...
|
G93 vann sølv i KM !!
|
Vi heiser flagg for dei idag!! Flott gutar..
|
G 93 kom heilt til finala i innandørs KM no i helga(3-4.nov.)
Gutane tapte første kamå mot Hødd, for så å vinne alle sine kampar fram til finala. Der vart Aafk for sterke. Jørgen Winjevoll vart kåra til turneringa sin beste og viktigaste spelar. Store gratulasjonar til gutar 93 som dermed avslutta sesongen på ein imponerande måte. Gutane vann alle haustkampane sine i serie og no fekk dei 2. plass i KM.
VELDIG POSITIVT FOTBALLMØTE TORSDAG 1.11.
|
Takk for frammøte folkens!
|
På veldig kort varsel stilte 20 representantar for ørsta fotballen opp på eit orienteringsmøte om stoda i Ørsta fotballen idag. Dette vart eit veldig positivt møte. Stein Aam holdt ei innleiing om korleis det stod til med fotballen i Ørsta. Det blir dreve godt av foreldra på alle årstrinn. Økonomien er under kontroll og det er eit godt miljø å være i. Vi treng fleire som kan tenke seg å jobbe inn mot styre.
Anders Heltne orienterte om anlegget. Her er mykje som skjer for tida. Blandt anna skal det settast opp nytt lager med tribune, ferdig vinter 2008. Ein har fått opp lysanlegg rundt stadion og skal ha opp lys frå klubbhuset til kunstgrasbana, dette vil være på plass om kort tid. Vi har også fått på plass ein ny kastsektor, som gjer belastninga på grasbana mindre til våren. Norangshol har gjort ein kjempe jobb med desse prosjekta. Vedlikeholdet av anlegget har i hovudsak Audun Steines tatt seg av i samarbeid med andre.
Det vart lagt fram eit forslag til ny organisering av styret. Dette forslaget vart godt tatt imot av dei frammøtte. Vi fekk igang ein veldig god diskusjon rundt dei ulike funksjonane som ein treng i klubben. Organisasjonsplanen vil gjere at heile klubben frå dei yngste laga til dei eldste laga vil bli med på organiseringa av drifta. Alle vil få eit eigarforhold til klubben.
Dagens styre kjem til å kalle inn til årsmøte den 19. eller 20. november 2007. Før den tid trengte ein å opprette ei valnemd som skal arbeide med å få på plass den nye organisasjonen.
Eg har aldri nokon gong opplevd at ei valnemd har blitt valgt så raskt før. Det var nærmast kø av folk som meldte seg for å gjere ein innsats.
Kjell Einar Dagfinnrud vart valt til leiar. Han har med seg Olav Saure, Stein Aam, Einar Myrold, Arne Johan Rebbestad, Arnt-Helge Bjerknes, Janne Solem, Ellinor Strømmen, Terje Kjøde.
Valnemda skal ha sitt første møte 6.11. kl. 19.30. Men alt igår kveld hadde ein på plass alle dei viktigaste funksjonane til det nye styret.
Dette vart eit veldig vellykka møte med mange konkrete tilbakemeldingar som valnemda no skal jobbe med fram til årsmøte.
Arnt-Helge Bjerknes
Fotballmøte Torsdag 01.11.2007
|
Einar kjem, kjem du???
|
Alle med interesse for fotballen i Ørsta er hermed invitert til møte om fotballen i ørsta. Møte skal være på klubbhuset kl. 20.00
Framtida for fotballen i Ørsta i.l.
Organisering av drifta!
Arnt-Helge
BANEPLAN UT ÅRET!! PR. 23.10.2007.
Nye endringar på baneplanen. Juniorjente har heil bane på måndagar kl. 18.00. Dermed er G 95 måndag flytta til Tysdag kl. 16.30. Dette vil bli hengt opp på klubbhuset ikveld.
Merk at kunstgrasbana vil bli delt inn i 3 felt nokre treningstider. Under baneplanen er det laga til eit oversiktskart.
Baneplan pr. 02.10.2007
|
Ha respekt for dette skiltet!!
|
16 |