Treningsdressar - utlevering
Det er framleis ein del som ikkje har henta treningsdressane sine, og vi derfor om at dei det gjeld møter på klubbhuset onsdag 12. september mellom kl. 18.00 og 19.00.
Ber og om at trenarar og lagleiarar gir beskjed på treningane dersom nokon på sitt lag manglar dress som er bestilt.
Njål
NYTT PARTI TRENINGSDRESSAR!
Har fått inn eit nytt parti treningsdressar, og utlevering vil skje på klubbhuset mandag 3. september frå kl. 1800 - 1930.
Dressane vil ikkje bli utlevert før dei er betalte!
Minner om prisane og kontonr.:
Polyesterdress til born kr. 375,- / vaksne kr. 450,-
Microfiberdress til born kr. 525,- / vaksne kr. 675,-
Namnetrykk kjem i tillegg med kr. 150,- pr. sett.
Innbetaling til kto.: 3992.05.02540.
Merk innbetalinga tydeleg med namn og aldersgruppe!
Ta eventuelt kontakt på tlf.: 99163164
Njål
J-13 med siger 2-1 over VanKam!
Etter ein lang sommarferie var det kjekt å spele kamp igjen. Jentene starta litt nølande og VanKam tok leiinga 1-0. Etter kvart heva jentene seg veldig, og med god innsats og godt spel klarte dei å snu kampen. Rita utlikna til 1-1 på eit flott utført frispark, før Malin laga 2-1 på eit kjempeskot. Alle jentene viser framgang og betre og betre ferdigheiter og spelefoståing. Flott innsats jenter!!!
Arnstein
Treningsdressar - utlevering
Tirsdag 21. august mellom kl. 18.00 og 19.30 vil eg vere å treffe på klubbhuset for å levere ut dressar til dei som har betalt.
Vi manglar framleis ein del størrelsar (har fått beskjed at dei er undervegs), og har fått bekrefta at trykking på disse blir prioriterte med ein gong dei kjem. Ta eventuelt kontakt på 991 63164.
Njål
Hurra! Endeleg er sida til G/J 99 oppe og går!!
Vi har starta treningane igjen etter ferien! Mandag 16.30-18.00 finn du oss på kunstgrasbana. Kom og spel!! Til venstre ser du ein meny der du kan klikke på "Yngreslaga våre" og deretter på G/J 99, så finn du vår side. På den sida vil du finne viktige beskjedar for G/J 99 og anna info frå trenar og oppmenn!
14/8-07 Janne Torill
JENTER-13 TRENING FREDAG 10.AUG KL.18.00 !!!!!
Vi startar med treningane etter sommaren fredag 10.aug. kl.18.00 på grasbana.
Arnstein
KLUBBDRESSAR !
Mange har etterlyst klubbdressane den siste tida, og no har vi fått levert eit parti som er ferdig. Ta kontakt for å høyre om dokkar dressar er ferdige.
Nokre størrelsar manglar fortsatt, dette gjeld spesielt størrelse 140 og 128, desse reknar vi med å få inn i løpet av neste veke.
Dressane kan hentast på dagtid på klubbhuset i morgon og fredag (2.8. - 3.8.), ta ellers kontakt på telefon 991 63164 / 700 67758. Husk at dressane må vere betalt før vi leverer dei ut (kvittering på innbetaling bank/nettbank).
Minner om prisane og kontonr.:
Polyesterdress til born kr. 375,- / vaksne kr. 450,-
Microfiberdress til born kr. 525,- / vaksne kr. 675,-
Namnetrykk kjem i tillegg med kr. 150,- pr. sett.
Innbetaling til kto.: 3992.05.02540.
Merk innbetalinga tydeleg med namn og aldersgruppe!
Baneplan hausten 2007
|
Sjefen!!
|
Alle trenarar som har spesielle ynskje om treningstider for hausten må gi beskjed innan 05.08.2007. Send mail til arnt-helge@tussa.com
Eg vil ha inn ynskje om antall, dagar, tidpunkt, bane osv.....
FELLESTRENINGAR FOR G-94-95-96 I VEKENE 29-32
|
Kjekke 96-gutar saman med tidlegare visepresident i UEFA på Bend It-cup i Volda!!!
|
Det vert tilbod om frivillig trening kvar tirsdag og torsdag i veke 29-32 for G-94-95-96 på kunstgrasbana. Oppmøte på klubbhuset presis kl.10.00. Treningane vil ka ulike tema kvar veke. Avslutningar, finter, kunsten å passere motstandar med ball, trekantspel og innlegg er tema ein ser nærare på.
Det vert eige treningsopplegg for målmenn torsdag 2. og 9. august. Instruktør her vert tidlegare keeperkjempe Jon Olav Kriken.
Hugs god frukost før du dreg heimafrå, kle deg rett, og ta med drikkeflaske. Om du planlegg "å vere igjen" etter treninga, hugs god og sunn nistepakke!
Vel møtt til morosame treningar i sommar!!
Kjell Einar, Arne Johan, Jon Olav m.f.
-Arnstein, spelarutviklar-
17 |