|
Gutar født 1997
|
Vinnarane av STORDALCUP 2007 Ørsta G 94
|
Bak frå høgre: Krister, Daniel, Arill, Martin, Arne og Christoffer Framme: Knut, Benjamin, Vetle, Haakon, Ådne, Kristian. |
G 94 var søndag 1.Juli i Stordalen for å spele 7ar turnering. Gutane gjorde ein kjempe innsats. Fire kampar og fire seiarar, klar vinnar av cupen! Første kamp vann vi 7-1 over Ravn etter veldig bra spel første 10 minutta, 5 sjansar og 4 mål. Spelemessig jamna det seg litt ut etterkvart utan at det var tvil om seier. Andre kamp vann vi 7-0 mot Ørskog. Det var eit svakt lag som vi kunne ha vunne mykje meir mot. Vi holdt nullen i ein kamp for første gang iår! I tredje kamp møtte vi Stordal, dei slo vi 3-2 etter å ha ledda 2-0 tidleg. Så klarte dei å utlikne på to fantastiske longskudd, 2-2. 3-2 kom ett minutt før slutt etter at vi hadde bomma på 5-6 100% sjansar. Dermed var det klart at vi ville vinne cupen med uavgjort i siste kamp mot Skarbøvik. Gutane var tydeleg innstilt på å vinne den kampen også, igjen tok vi tidleg ledelsen. Dei fekk utlikne på ein meget tvilsom dommaravgjerdsle (ikkje sant Benjamin). Men dette berre tende gutane endå meir. 2-1 kom på eit vanvittig longskudd som gjekk inn via tverliggaren(cupen sitt finaste mål Chris?). Like etter vart det 3-1 også og vi kontrollert seieren inn mot slutten.
Klar seier av cupen til Ørsta der alle 12 gutane gjorde sitt til at vi vann. Vi scora 20 mål og slapp inn berre 4, det er kanon bra. Den gode følelsen må vi ta med oss til haust serien gutar.
Arnt-Helge Bjerknes stolt trenar.
JENTER-13 ÅR KAMP MOT HUNDEIDVIK SØNDAG 24.JUNI!
Den utsette bortekampen mot Hundeidvik vert spelt søndag 24.juni kl.16.30.
Avreise frå Ørsta klubbhus kl. 14.40.
Alle tek med kr.50 til sjåfør+ pengar til ferge. Hugs drakter, leggskinn og drikke.
Arnstein
J14 Åmdal/Ørsta/Sæbø, 6 -1over Hødd
Dette er eit samarbeidslag mellom Åmdal, Ørsta og Sæbø. Ingen av klubbane hadde nok spelarar til å stille eige 14-års lag så då er det greit å kunne samarbeide. Vi har gode erfaringar med samarbeid frå før og ser det positive både sportsleg og sosialt! Roger Holen er trenar for jentene og dei stortrivest både på trening og kampar!
J 14 Åmdal/Ørsta/Sæbø: bak fv. Ingeborg, Hilde, Bente, Sunniva, Malene, Solveig og Ragnhild. Framme f.v. Mari- Zamanta, Maren, Dorthea, Grethe, Simone, Kristine og Ingeborg. Else Mari fremst. Emilie manglar.
Ingen av laga hadde tapt nokon av kampane sine tidlegare denne sesongen og begge laga hadde 12 poeng. Jentene gikk i angrep med ein gong kampen starta og etter nokre minutt sette Malene ballen sikkert i mål. Å/Ø/S forrsette å presse heile første omgang, men det vart berre 2 mål.
Etter pausa var det Hødd som gikk i angrep, men med flott forsvar og godt keeperspel vart det ikkje mål. Etter kvart kom Å/Ø/S tilbake med flott spel og mange sjansar.Sluttresultatet vart 6 -1 og jentene kunne reise heim med tre nye poeng!
Målskorarar: Malene 4, Kristine 1 og Maren 1.
Glade jenter etter seier over Hødd! Bak fv. Mari- Zamanta, Hilde, Bente, Kristine, Dorthea, Grethe, Malene, Emilie og Solveig. Framme fv. Ingeborg, Maren, Simone og Ingeborg. Else Marie heilt framme. Sunniva og Ragnhild spelar også på laget.
*Kopiert m. små endringar. Arnstein
OLD BOYS
|
Her skal treninga være, bilde frå kiw cup 2007
|
KIWI CUP 2007
|
Jubel etter mål. Dette er dei minst som var med på cupen
|
Kampen mot Hundeidvik utsett til søndag 24.juni!
P.g.a. skuleavslutning for mange av jentene på laget måtte vi utsette kampen mot Hundeidvik. Den første datoen som klaffa vart då søndag 24.juni. Dei som var sett opp som sjåførar på komande torsdag stiller som sjåførar søndag 24.
Arnstein
Tine fotballskule 2007
Minner om Tine fotballskule i tidsrommet 25. - 27. juni 2007
Prisen på fotballskulen blir i år kr. 600,- og skal betalast inn til kto.nr.: 3992.05.02540
Husk! Merk innbetalinga med spelarnamn - kvittering må takast med ved oppmøte på fotballskulen.
Påmelding innan 15. juni til:
Telefon: 700 67758
Mobil: 991 63164
Foreldre som har lyst til å vere med å hjelpe til med arrangementet kan ta kontakt snarast muleg, vi treng all den hjelp vi kan få for å skape eit godt arrangement for borna våre.
Njål
LYST PÅ NY KLUBBDRESS?
Etter stor etterspørsel er det no på tide å få lage nye klubbdressar til medlemmar i Ørsta IL Fotball. Dressane blir i same farge og design som tidlegare, og ein kan få trykt på namn både på jakke og bukse. Jakka vil som vanleg ha trykk på ryggen med eit utval av dei viktigaste sponsorane til Ørsta IL Fotball.
Lister over bestillingar vil bli lagt ut på G-sport i Ørsta, der vil ein også få prøve aktuelle størrelsar slik at ein finn dei som passar best. Etter ei oppsamling av bestillingar vil desse bli trykt ved IK Reklame i Volda. Det er viktig å merke seg at bestillinga som går til trykking må vere mest muleg komplett, slik at ein slepp fordyrande etterbestillingar.
Prisar:
Polyesterdress til born kr. 375,- / vaksne kr. 450,-
Microfiberdress til born kr. 525,- / vaksne kr. 675,-
Namnetrykk kjem i tillegg med kr. 150,- pr. sett.
Bestillingsfrist: 20. juni 2007.
Vi ber om at ein kjapt ute med bestilling for dei som evt. skal til Sognefjord’cup, for om muleg å få dressen før avreise. Klubbdressane blir utleverte på klubbhuset mot framvising av kvittering av innbetaling (bank/nettbank).
Gjeldande beløp må betalast før utlevering.
Innbetaling til kto.: 3992.05.02540.
Merk innbetalinga tydeleg med namn og aldersgruppe!
Njål
18 |