Dugnad tirsdag kveld!
KIWI CUP 2007
|
Denne gjengen skal på sin første KIWI CUP... |
Søndag 10.06. kl. 10.00-19.00 skal årets kiwi cup være på stadion. Kunstgrasbana, grasbana skal delast inn i tilsamen 8 femarbane. Balløkka skal brukast til ulike aktivitetar, grilling. Grusbana blir parkeringsplass. Ørstingar møtt opp og støtt alle dei aktive borna i Ørsta, her vil det garantert bli STOR underholdning heile dagen.
Fotball, leikar, mat, drikke, is osv. og det blir heilt sikkert ein og anna overraskelse frå KIWI også. Møtt opp :)
J-13 med god innsats mot Sykkylven!
Jentene gjer stadig spelemessig framgong og kampen mot Sykkylven var også positiv. Ørstajentene skapte fleire sjansar enn tidlegare, og dette som eit resultat av betre kollektivt spel. Dei er vorte flinkare å bevege seg utan ball og vere mindre ballfokusert.
Den største skilnaden på laga var ein spelar på Sykkylven som sikkert hadde spelt seg inn på guttelaget til Ørsta. Sluttresultatet vart 6-4 til Sykkylven. Kebeh,Rita og Hilde(2) skora Ørsta sine mål. På ferga heim var det bursdagssong for Rebecca!!!!
Stå på vidare jenter!
Arnstein
Jenter født 1995
Tine fotballskule 2007
Tine fotballskule 2007
25. - 27. juni er det igjen klart for Tine fotballskule i Ørsta. I løpet av 3 dagar ynskjer vi at borna skal få drive fotballaktivitet gjennom trivsel og positive opplevingar. Alle som er fødde frå 1993 - 2000 er inviterte til å delta, og alle som blir med får fotball, ryggsekk og t-skjorte.
Prisen på fotballskulen blir i år kr. 600,- og skal betalast inn til kto.nr.: 3992.05.02540
Husk! Merk innbetalinga med spelarnamn - kvittering må takast med ved oppmøte på fotballskulen.
Påmelding innan 15. juni til:
Telefon: 700 67758
Mobil: 991 63164
Foreldre som har lyst til å vere med å hjelpe til med arrangementet kan ta kontakt snarast muleg, vi treng all den hjelp vi kan få for å skape eit godt arrangement for borna våre.
Meir detaljert informasjon kjem også gjennom annonser i Møre-Nytt.
Njål
Baneplan pr. 05.06.
|
2000 spelar kamp
|
Bilde frå 2000 si første turnering
|
Eit av laga.
|
2000 årgangen si første fotballturnering
|
Dei fleste ørstaspelarane samla etter turneringsslutt..
|
J-13 kamp mot Sykkylven onsdag 30.mai !
Bortekamp mot Sykkylven onsdag 30. mai. Avreise frå klubbhuset kl.16.15. Ferge frå Festøya kl.17.00.
Hugs: Drakt, leggskinn, drikke, fergepengar, 50,- til sjåfør
Arnstein
19 |