Baneplan pr. 23.05.

Små endringar...

J-13 med siger 3-2 over VRF!

Jentene på Rema-1000 cup i Volda!

Jentene spelte mot VRF på kunstgrasbana i dag, tysdag 22/5. Etter at vi kom litt skeivt ut og låg under 0-2 la jentene inn ein solid sluttspurt og skora 3 mål dei siste 20 minutta. Rita laga to mål, og Rebecca skora det siste 3 min før slutt. Etter kvart god innsats av alle.

Ellers skal det nemnast at jentene var med på Rema-1000 cup i Volda i helga, der dei til slutt tok ein hederlig 4.plass etter tap 2-1 mot Mork i bronsefinala. Jentene slo Hovdebygda og Ørsta 95 i dei innleiande kampane. I semifinala vart det uavgjort 2-2 mot Volda, men Volda gjekk vidare på flest cornara.

Flott innsats jenter!

Arnstein


Mini 2000

Endeleg skal vi spele turnering. Laurdag 26.05 kl 11-15 skal vi ha turnering på kunstgrasbana. No skal vi få prøve oss i kamp mot andre lag, dette skal bli artig. Sosial dag ilag med kameratar og veninne, kanskje blir vi kjente med andre også... Foreldre og andre må stille opp og heie....

Jenter 13 skal vere med på REMA 1000 cup i Volda!

Vi skal vere med på Rema-1000 i Volda på søndag. Oppmøte kl. 11.30 ved klubbhuset i Volda. Første kamp kl.12.00. Siste kamp ca. i 15.00 tida. Alle tek med kr 50,- til påmelding av laget.

 

Arnstein (mob. 41688741)


JENTER 13 år!

Ein kjekk gjeng etter kampen mot Stranda!

Jente 13 år tapte sin andre kamp for sesongen 3-0 mot Stranda. Jentene kjempa godt men måtte sjå sett slått av eit godt Stranda-lag.

Her er berre ein ting å gjere og det er å stå på vidare jenter!

Neste kamp mot VRF vert høgst sansynleg flytta til tysdag kl.18 istadenfor onsdag (for då er det Tine-stafett). Dokke får endeleg beskjed på trening søndag kl.19.00.

Arnstein


Baneplan pr. 15/5

Endringar av tre kampar, J 96 to kampar og G 93(7) ein kamp.

No må dokke bli flinke til å melde motstandarane kva bane dokke skal spele kampane på, og så må baneplanen bli holdt. Uansett kva motstandarane seier om kva bane dei skal spele på er det ikkje dei som bestemmer, heller ikkje kretsen i aldersbestemte kampar. Kampoppsette frå kretsen er eit forslag og ikkje noko anna. Blir det ikkje bedring på dette tar ikkje eg på meg jobben med baneplan lenger, då har vi plan til ferien og så blir det ikkje meir. For dei som huskar 5-6 år tilbake i tid veit dei kva det vil førre til.


Sognefjord cup

G-94 må avlyse tur til Sogndal.
 
Det er bestilt nokre leiligheiter med overnattingsplassar til ca 20 personer,
pluss 5 campingvognplassar på Stedje Camping.
 
Desse vil bli avbestilt dersom ingen andre i ØIL-fotball er interesserte.
 
Ta kontakt med Steinar mob. 915 69703, snarast råd. 

GUTAR-96 MED GOD INNSATS!

Stor moglegheit mot Volda. Ørstaspelarar frå v.Jon Andre Rebbestad, Jørgen Fuglebakk, Simon Dagfinnrud.

Eine ørstalaget- gutar 11 år (f.96) har komne godt i gang i årets sesong, som er første året med 7-ar fotball. Etter siger over Vartdal med 5-3 i første kampen vart det uavgjort 1-1 mot Volda på kunstgrasbana på mandag. Alle gutane viste god innsats.

STÅ PÅ VIDARE!

Arnstein


KIWI CUP 2007

Her er eit av laga som skal være med...

10.06.2007  blir det cup i Ørsta. Sett av dagen for mykje moro. Her skal det spelast fotball, ulike konkurranser, mat og mykje anna. Invitasjonen til kiwi cup 2007 ligg ved her no.


Gutar og jente 2000

Nokre av dei ivrige 2000 barna.
Endeleg har 2000 også fått starta med fotballtreningar, dette har dei venta lenge på....


20