G-92: Trening 4.7. kl. 16.30


Hærverk på kunstgrasbana

Ein liten del av skadane

Dersom nokon har sett eller høyrt om at nokon har vore på kunstgrasbana mellom kl. 03.00 natt til søndag og 12.00 søndag 2.juli vil eg ha beskjed 95202608. Saka er politi anmeldt.
Fleire bilde nederst på sida...


Baneplan veke 26-32

Bilde frå Kiwicupen

Alle må ta ein kontroll av planen. Gi tilbakemelding om det er feil i den. Er det lag som skal ha trening som eg ikkje har tatt med i planen?
Har eg satt opp for mykje trening?


Bilde frå Tine fotballskule 2006

No er det ein del bilde frå Tine fotballskule nederst på denne sida.
Ta ein titt då vel....
Mange gode fotballspelarar og instruktørar.
Vil takke alle som hjelp til på kjøkkenet for ein flott innsats over fleire dagar.
Instruktørane har gjort ein kjempejobb og viser kor fin ungdom vi har i Ørsta, tusen hjarteleg takk alle saman.
Vil rette ein spesiell takk til Einar Myrold som så sporty har stillt opp alle dagane og hjelpt instruktørar og barn slik at det har blitt 3 flotte dagar i Ørsta.


Tine Fotballskule

Nokre av deltakarane på skulen etter ein seier mot Hødd iår.

No er Tine fotballskule gått igang.
40 jente og 120 gutar i alderen 7 år til 13 år skal over tre dagar ha dei kjekt med fotball.
Vi har 40 instuktørar i arbeid kvar dag. Dei gjer ein kjempejobb, takk til dei.
Kjøkken personalet gir barna eit godt brød måltid midt på dagen, dei skal ha skryt for innsatsen sin.
Ha ein fortsatt fin fotballdag og sommar


Avgjerande seriekamp for smågut -92 på stadion mandag fk.

Smågutelaget tek imot Aafk til kamp på stadion mandag med kampstart kl. 18.30. Med siger i denne kampen vil me hamne på 4. eller 5.plass i vårserien og vere kvalifiserte til å spele om KM til hausten. Med tap eller uavgjort vert det mest sannsynleg nedrykk til 2. div. Smågutane har hittil vunne alle sine heimekampar i år, men diverre ikkje hatt marginane på si side i bortekampane. Til denne kampen er det viktig at både føresette og andre stiller opp og støtter laget maksimalt. Det vert også sal av kaffi og sveler.

Desse møter seinast kl 17.30 på klubbhuset: Amir, Terje, Eirik S, Simon, Andre, Andreas F, Andreas O, Dino, Eskild, Espen, Agnar, Kristoffer, Tomas og Anders.


G93-94-95 trening på laurdag

Treninga går som vanleg laurdag 17 juni kl 10:00 sjølv om G93 og G94 er på cup.

Bilder frå KIWI Cup 2006

Kiwi Cup vart arrangert søndag 11. juni på Ørsta Stadion. Vi reknar med at i underkant av 2000 personar var innom portane i løpet av dagen og det såg ut som alle storkosa seg i det fine sommarveret....


Heimesida

Heimesida var nede ei tid i helga.
Ny oppdatert baneplan finn du under linken Baneplan til venstre.


26