Status A-Lag

Hei folkens!

Det er ca 3 veker til det brakar laust med 1. kvalik til NM (mot Volda, 17/4). Vi har no trent sidan 1. november under meir eller mindre fantastiske treningsforhold (takk til Audun og resten av nemda). Dette har gjort at vi har lite skader, og dermed har vi klart mitt første mål for Ørsta i år, nemleg å bli betre trent. Vi har testa oss 3 ganger (november, desember og i slutten av februar). Desse testane viser veldig fin utvikling. Den 27. mars hadde vi 3000 m-test der vi hadde 6 spelarar nede på ni-talet + 5 under 10,10. Resten av stallen var med god margin under 11 min. Dette er Rune og eg godt nøgd med. Vi har også "terpa" ein del på eit spelemønster som vi begynner å sjå tendenser av. Vi satsar på å bruke tida framover til å øve enda meir på samhandling både i angrep og forsvar. Når det gjeld skadesituasjonen, så er det berre Ole Kristian, Sindre og Kai Robin som hanglar litt.


Ørsta A: Hareid knust på kgb!

Fire av målskårarane: (oppe frå venstre) Kai Henning og Hallgeir. (Nede frå venstre) Frank og Terje
Ørsta - Hareid 9-3 (4-2)
Ørsta kgb, tysdag 28. mars kl 1800
Målskårarar: Frank, Terje 2, Pål, Rune, Geir Arne, Hallgeir 2, Kai Henning

Første kamp for jr.laget i morgon

Samarbeidslaget for juniorane i kommuna spelar sin første kamp for sesongen i morgon.
Kampen går kl 18:00 på kgb og er mot Bergsøy jr.
Laget er i år som i fjor leia av Per Endre Woldsund.

SONESAMLING I VOLDA FOR SONE 3

Til samlinga i Volda laurdag 1.4. kl. 11.00 er følgjande gutar tatt ut:
Agnar Lid Hovden, Amir Muric, Andreas Oslandsbotn, Dino Redzepagic, Eskild Dagfinrud og Espen Standal. Oppmøte seinast 10.50. Lukke til!!

Ingen kamp i dag, prøvar igjen på tysdag!

Dugnadsåden var på topp i dag, men det var ikkje nok. Snøen er rett og slett for hard og når sola forsvinn så er det ikkje lett. Men det blei gjort mykje i dag og no er det berre 1/4 del igjen av ca. Vi knipsa nokre bilete i dag.


Ørsta A: Enklare måte å halde seg oppdatert


SPORTSPLAN ØRSTA FOTBALL

G 94 si sesongavsluttning 2005

Sportsplan for Ørsta i.l. fotball. Den ligg som vedlegg i ei pdf.fil.
Sjå gjennom planen og gi ei tilbakemelding snarast. Plan vil være gjeldande for vidare arbeid til styret samt trenarar og lagleiarar i Ørsta Fotball.
Planen vart gjennomgått på årsmøte og vil bli presentert av styret iløpet av våren 2006.


Ørsta A: 4-2 siger over "Bøgda"

4-2 over HIL
Ørsta - HIL 4-2 (1-1)
Ørsta kgb, laurdag 18. mars kl 13:15
Målskårarar Ørsta: Hallgeir Aam 2, Kai H. Leira, Terje Rebbestad

Kampoppsett kvalikrunde i NM for menn

Ørsta A er med i kvalifiseringsrunda til NM i fotball. Ei hyggeleg overrasking, og endå betre blei det når vi fekk sjå kven vi skal møte.


30