FIN SESONGSTART FOR GUTE OG JUNIORLAGA I ØRSTA - BEGGE KVALIFISERTE FOR 1.DIVISJON OG NM-DELTAKING
|
Frå opprykksfesten som vart halden på Ørsta Bowling |
Ørsta har også i år delteke i Sunnmøre Fotballkrets sitt kvalifiseringsspel for 1 . divisjon for gute- og juniorlag.
For gutelaget har det vorte ein vane å kvalifisere seg, 2009-sesongen vert den 4. på rad Ørsta skal spele om krinsmeisterskapen mot dei 9 andre beste gutelaga på Sunnmøre. Laget kvalifiserte seg som 1 av 5 lag frå Sunnmøre til deltaking i NM-cupen.
I kvalifiseringa konkurrerte ein i gruppe med Ravn, Brattvåg, Sykkylven og Langevåg. 2. plass i pulja bak Langevåg, og dermed deltaking i NM, vart sikra gjennom 5-4 siger mot Brattvåg i siste kamp 1. mars i Sunnmørshallen. Målscorarar i denne kampen var Mads Øvrebotten (2), Vetle Johan Dagfinrud, Sjur Haug og Christoffer Bjerknes. Toppscorar i kvalifiseringa vart Mads Øvrebotten med 8 mål.
Gutelaget er ein flott gjeng frå 3 ulike årskull, til saman mellom 25 og 30 spelarar. I tillegg til eit 1. lag i øverste divisjon, har fotballgruppa også meldt på eit 11-erlag i 2 divisjon, slik at alle er sikra eit godt kamptilbod i sesongen.
Ørstajuniorane har ikkje kvalifisert seg for spel i den gjevaste divisjonen sidan innføringa av kvalifiseringsspel i 2003. Denne gongen var ein kome i gruppe med Skarbøvik, Aafk, Langevåg og Ravn. Det opna oppskriftsmessig med siger mot svakaste laget i gruppa, Ravn, og deretter ein klokkeklar 5-1 siger mot Skarbøvik i den antatte nøkkelkampen. Mot Aafk hadde gutane sigeren inne til det stod att 4 minutt, i staden vart det 1-3 tap.
Før siste kamp mot Langevåg ville Ørsta kvalifisere seg med minst uavgjort, og siger ville i tillegg sikre NM-deltaking. Kampen gjekk i Sunnmørshallen 28.2. Ørsta starta godt, og leia 2 - 0 allereie etter 10-12 minutt. Så skjedde det fatale. Ørsta fekk ein mann utvist, og straffespark til Langevåg. Reduseringa kom, og like etter var det likt i målprotokollen; 2 - 2. Ørsta greidde likevel å gå opp i 3-2 leiing før pausesignalet gjekk.
I andre omgang vart det mykje stillingskrig, men Langevåg greidde å utlikne til 3 - 3 midtvegs. Ørsta verka noko trøytte i undertal, men mobiliserte til ein sluttspurt siste 10 minutta, og greidde å setje inn det avgjerande målet som sikra NM-deltaking 4-5 minutt før sluttsignalet gjekk.
Målscorarar i kampen var Jørgen Winjevoll, (2) Eskild Dagfinrud, Kristian Solem.
Søndagskvelden (1.3) vart det arrangert opprykksfest for gute- og juniorlaga i lokala til Ørsta Bowling. Fotballgruppa spanderte pizza og brus på alle, og Ørsta Bowling spanderte bowling og husrom. Det vart ei triveleg stund for alle, og svært godt motteke mellom gutane.
BUSTAD FOR 2 ISLENDINGAR?
Ørsta Fotball er på jakt etter husvære for dei 2 islandske gutane som kjem til bygda. Leilegheita bør vere møblert og ha 2 soverom. Har du noko til leige, eller tips, kontakt fotballgruppa v. leiar Stein Aam eller sportsleg leiar Kjell-Einar Dagfinrud.
KLUBBKVELD - SKOPRØVING
Alle sr/jr/jente er inviterte til å sjå/prøve sko frå G-sport torsdag 12.2 kl. 17.30 på klubbhuset. Velkommen!
VIKTIG SIGER TIL JR.LAGET!
I ein kvalifiseringskamp for 1.div laurdag 7.2. vann Ørsta 5-1 (1-0) over SIF. Det tyder at det vil vere nok med siger i ein av dei gjenståande kampane (Aafk og Langevåg) for at laget skal vere kvalifiserte for 1. div. i 2009.
Heile laget gjorde ein kjempeinnsats, relativt jamn 1 omg., ingen tvil i den 2. Då var det klasseskilnad på laga og måla trilla inn som perler på ei snor.
SIF har utruleg nok, varsla SFK om protest på grunnlag av at kampen var for kort!?
SISTE FRIST FOR PÅMELDING TIL TRENINGSLEIR I NEWCASTLE.
For å få best mogleg pris vert det gjort samla bestiling av flyreisa søndag kveld. Det er 23 personar som hittil er påmelde, og desse + evt. påmelde innan søndag 8.2. kl 12.00, vil få samme pris. Påmelde etter søndag 8.2 er hjarteleg velkomne, men risikerer høgare pris på flybilletten.
PÅMINNING: ÅRSMØTE
Årsmøte for fotballgruppa på klubbhuset tysdag 3.2 kl 1930.
TRENINGSLEIREN!
Det vert ei orientering om treningsleiren til Newcastle etter treninga torsdag 29.1 kl. 20.30. Alle som har vore på trening må møte opp!
Sportsleg utval
GRATULERER!
Christoffer Bjerknes (-94) er teken ut på Team Møre (fylkeslaget) som i vinterferien reiser til England. Vi ynskjer han lukke til! Les meir her.
Dino Redzepagic og Jørgen Vinjevoll var i helga hospitantar på Molde sitt juniorlag i eliteturneringa i Sogndal. Etter rapportane gjorde dei sakene sine meget bra! Les meir her.
Baneplan pr.03.02.2009
|
Denne gjengen kjem til å trene mykje framover.... |
Baneplanen for vekene 3-14 er no klar.
Planen kan bli endra og vil då bli varsla her på denne sida!! Følg med her på sida. Står dato i overskrifta som fortell når endringa vart gjort.
No trur eg dei siste endringane er gjort, junior jente flytta frå torsdag til fredag og Åmdal frå Onsdag til Torsdag. Gutelaget og G95/96 bytter treningstide onsdag og fredag.
Om treningstida du har fått tildelt ikkje høver eller du ikkje kjem til å bruke den ynskjer eg tilbakemelding snarast på : arnt@mosmarka.no det er mange som ynskjer meir treningstid eller andre dagar/tid...
Elles må alle skjerpe seg iforhold til å hjelpe Audun med bana. Etter siste treninga skal alle mål ut til gjerda. Alle fotballar, kle, vestar, kjegle må ryddast opp. Sist veke stod fresen i nokre dagar etter at nokre vester vart dratt inn i fresen og øydelagde den.
Desse har ansvaret for måla og slå av lysa etterpå: Måndag Åmdal, Tysdag Vartdal, Onsdag Sæbø, Torsdag Vartdal og Åmdal, Fredag G 95 og Junior jente.
Utstyr har kvart enkelt lag ansvar for.
Dei lag som ikkje klarar å forholde seg til dette vil heller ikkje kunne få trene på kunstgrasbana.
TRENINGANE FOR A/JR STARTAR OPP TYSDAG 6.1.
Vi startar med spelarmøte kl. 17.30, deretter trening frå ca 18.00.
Trening også torsdag 8.1. kl. 19.30 og fredag 9.1. kl. 18.00.
Nye treningstider f.o.m. veke 3 finnast i baneplanen over.
Vel møtt til alle
4 |