Baneplan 2009
Her kjem første forslag til baneplan 2009.
Denne vil gjelde for veke 2, altså til 11. januar.
Kjem ny plan innan 8.januar med nye treningstide som vil gjelde for veke 3-14
Det er spesielt treningstider frå 18.00 og utover det blir endringer. No er ikkje opplegget rundt A-laget/junior for dame og herre klart endå slik at når det er på plass blir det store endringar.
Endringar for veke 2, spesielt tysdag....
ROMJULSTURNERINGA I VOLDA
Styre og sportsleg utval har brukt mykje energi siste veka på å finne ei god trenarløysing for 2009. Vi er svært nøgde med å ha fått den på plass! Påmelding til Voldaturneringa har difor diverre falle mellom 2 stolar, og etterpåmelding er ikkje mogleg.
Vi har forstått at fleire ønskjer å delta som gjestespelarar på andre lag i staden, og alle som kan og ynskjer det kan sjølvsagt gjere det.
Sportsleg utval
TRENAR FOR A-LAGET PÅ PLASS FOR 2009
Eit samrøystes styre gjekk i dag inn for å tilsetje Dagmund Evebø som trenar for Ørsta i 2009. Dette vart klart etter styremøte i dag 21.12.2009. Evebø har takka ja. Han vil ta til 1.1.2009.
Styret i Ørsta Fotball
TRENING 18.12 KL 18 FOR A/JR
Bana er i perfekt stand, og forholda meget bra. Det vert gjeve ei kort orientering om trenar for A-laget 2009 før treninga tek til.
Sportsleg utval
A/JR TRENING MANDAG 15.12. KL. 18
Treninga vert leia av Dagmund Evebø frå Aafk.
TRENING A/JR TORSDAG 11.12 KL. 18
Treninga vert leia av Kenneth Moldskred frå Aafk.
Sportsleg utval
TRENINGAR I DESEMBER FOR A-LAG/JR.
Fellestreningane vil vere på mandager og torsdagar kl 18.00 på KGB, og vert leia av Kai Henning og Arthur.
Juniorane vil i tillegg ha eiga trening onsdag kl. 18 leia av Bjarne Austrheim, første gong 3. desember.
Sportsleg utval
TRENING FOR A-LAG/JR TORSDAG 27.11. KL. 18
Det vert ei kort orientering om hausten og trenarsituasjonen. Treninga startar kl. 18.15, og vert leia av Dagmund Evebø frå Aafk.
Sportsleg utval
INNETRENING - SENIOR
Det vert trening i Idrettshallen søndag 16.11 kl. 10.00.
Møt opp!
INNKALLING TIL SPELARMØTE
Alle aktive som er aktuelle for A-lagsfotball for Ørsta i 2009 vert med dette kalla inn til møte på klubbhuset onsdag 19.11. kl. 20.00.
Tema: Evaluering av 2008-sesongen, planar for 2009.
Dei som skal møte er lista opp i vedlegget.
Vel møtt!
Sportsleg utval
5 |