Fotballmåla på kunstgrasbana!!!!
Til orientering: Alle fotballmåla skal settast ut til gjerdet etter kvar trening, eller avtal med neste trenar at han/ho gjer det. Ingen spelar gå heim frå treninga før dette er gjort.
Det kan ikkje være slik at banemannskapet (Audun) må gå å rydde etter oss andre. Audun skal slodde bana kvar dag ei stond framover no.
Dei laga som ikkje gjer dette vil bli utestengd for kortare eller lengre perioder til vinteren.
Arnt-Helge Bjerknes, Banenemda.
TID FOR TESTING - TOPPTRENING
Ein kan få gjennomført testing hos Topptrening fredag 14.11 kl. 15, 16 eller 17.00. Laurdag 15.11 kl. 13, 14 eller 15.00. Maks. 8 pers. pr. gruppe.
Påmelding skjer på tlf. 70049264 mellom kl. 16.30 og 21.
ØRSTA FOTBALL INNGÅR AVTALE MED TOPPTRENING
Ørsta Fotball har inngått avtale med Topptrening som omfattar allle aktive frå og med 15 år. Avtala gjeld månadane nov-des-jan-feb. Ein kan då få sett opp individuelt program i samråd med Fysio1 og Topptrening, og gjennomført styrke og kondisjonstestar. Dette skal skje på avtalte tidspunkt. Sjekk vedlegget frå Topptrening og meld deg på når det høver for deg straks. Den enkelte som inngår avtale med Topptrening får utlevert nøkkelkort som gir fri tilgang til lokala innanfor opningstidene, og også fri tilgang til gruppaktivitetar innanfor Topptrening sin timeplan. Prisen for 4 mnd. for den enkelte inkl. nøkkelkort og testing er på kr. 1400.
ked
Baneplan veke 45-51, pr. 4.11.
Nokre små endringar på planen.
Sonesamling for J14 år torsdag 6.11.
Vartdal treningar torsdagar kl. 21.
Alle lag som ynskjer treningstide etter nyttår må sende ein mail med ynskje til: arnt@mosmarka.no innan 15.desember.
REKRUTTERINGSDOMMARKURS
Det vert arr. kurs i Ålesund 5. - 7. des. Vi oppmodar alle interesserte om å melde seg på, både kvinner/menn, jenter/gutar. Fleire opplysningar og infor kan du få ved å vende deg til dommarkontakt i Ørsta, Jan Erik Bratteberg mob. 98031085.
Møte for juniorlaget!
Samling på Ørsta Bowling onsdag 22.10. kl 17.00. Alle som er aktuelle for spel i innandørskm i haust må stille. Ta med treningstøy til ei økt på KGB etterpå.
Kjell-Einar og Frode
KEEPERSAMLING I VOLDA!
Keepersamling |
| Det vert keepersamling for årsklassene 94-99 på Volda stadion, søndag 26/10 kl. 1200-1600. Både voldaspelarar og interesserte frå andre klubbar er velkomne. Ta med godt med klede, drikke og mat!! Påmelding med SMS til 41313567, snarast! |
TIL ALLE TRENARAR I ØRSTA.
|
Tilbod til Ørsta fotballen. |
Aafk (Ålesund fotballklubb) kjem til Ørsta 28.oktober, for å ha eit opplegg for trenarar på aldersbestemte lag. Aafk stiller med minimum 1 trenar og 1 A-lags spelar.
Det vil vere ei teori-ykt på klubbhuset som varer ca. 1/2 time. Deretter vil det vere opplegg på kunstgrasbana (ca. 1 1/2 time).
Tid: Klubbhuset i Ørsta tysdag 28.10., klokka 17.30.
Alle lag/årstrinn MÅ stille med minst 1 representant.
Ørsta gir tilbodet til Hovdebygda, Vartdal, Sæbø og Åmdal i tillegg til sine egne trenarar.
Meld dykk på til: til arnt@mosmarka.no innan 25.oktober.
Baneplan fram til JUL 2008
Forslag til baneplan for veke 42-51, forslag til endringar sendast til arnt@mosmarka.no.
J-94 ferdig med årets sesong!
|
J-94 etter kampen mot Van-Kam (foto Einar A) |
Då har jentene fødde i 94 spelt siste seriekampen i år. Dette er ein fin gjeng som har halde saman i fleire år no. Resultatmessig har det vore store varjasjonar, men eg opplever at alle har utvikla seg positivt utfrå sin ståstad.
Treningsoppmøte har vore variabelt. Det har vore ei gruppe på 7-8 spelarar som har møtt opp jamnt, det er sjølvsagt desse jentene som har hatt mest sporsleg framgang.
Legg med lagbilde som far til Malin Aurstad tok etter siste kampen mot VanKam.
Arnstein
6 |