Trenar/lagleiar jakke
No er det klart for bestilling av trenar/lagleiar jakke på G-sport Ørsta. Ta kontakt med butikken direkte for prøving/bestilling.
Trenar/lagleiar kan få kjøpt desse for kr. 500,- Andre må betale litt meir.
Frisk for bestilling er 15.oktober.
KRINSMEISTRAR FRÅ ØRSTA!!
Ørsta sitt yngste smågutelag (-95) sikra seg mandag 29.9. krinsmeisterskapen i 11-erfotball på Sunnmøre ved å slå Aafk 7 - 3 på Color Line Stadion i Ålesund.
Utgangspunktet for kampen var greitt: Ved minimum 3-målssiger ville det ikkje vere mogleg for nokon av dei andre laga å passere Ørsta på 1. div. tabellen uavhengig av resultatet i dei resterande kampane. Ein spent gjeng born og foreldre var på plass på CLS i god tid før kampstart. Denne gongen vart det ein heil supportergjeng av det, og dei gav god lyd frå seg gjennom heile kampen! Ramma elles var også fin; flott stadion, flomlys og lystavle.
Kampen starta dårleg for gutane, sannsynlegvis var det høge skuldrar som gjorde at ein aldri kom skikkeleg i gang med det aggressive spelet som har særmerkt laget tidlegare. Aafk var også gode i 1. omgang, og leia både 1 - 0 og 2 - 1. Stillinga ved halvtid var 2 - 2.
I pausen var me samde om at me hadde meir å gå på, og at me måtte våge å stå litt høgare i bana. Det gav umiddelbart resultat, og 3-2 kom etter vel 4 minutt i andre omgang. Aafk var på ein gjestevisitt og utlikna nok ein gong, men resten av kampen var det berre Ørsta. Mange sjansar vart skapte, men utteljinga kom ikkje før det var vel 15 minutt att. Då trilla mål nr. 4, 5, 6 og 7 inn som perler på ei snor. Samtlege mål var fine spelemål. Jubelen var enorm mellom spelarar og publikum då dommaren bles av kampen like etter!
Desse deltok i kampen: Andreas Osborg, Jørn Synnes, Bjørn Ole Myrold, Denis Redzepagic, Kjell C Clausen, Knut H Ressem, Bjarte Bjørkedal, Peder G Helset, Vetle J Dagfinrud, Håkon Opsal, Jørgen Hovden, Simon Dagfinrud, Robert Roseth, Roberto Solheim, Henrik Gjengår og Rolf E Flåskjær.
På ein dag der alle heva seg kraftig i 2. omgang, er det grunn til å trekke fram Håkon, som kampens dominerande spelar. Målscorarar var Håkon (2), Henrik (3), Vetle og Rolf.
T-8 TRENING SØNDAG 21.09. KL.13.00!
Vi legg opp til trening søndag 21.09. kl. 13.00, slik at dei som vil har moglegheit til å få med seg toppkampen i england mellom Chelsea og Manchester United(kampstart 15.00).
Arnstein og Jon Olav
Trenarsamling/keeperskule!!
|
Flott stadion, men kvar? |
I vår etterlyste trenarane i aldersbestemt samlingar for trenarar der ein kunne lære av kvarandre eller frå nokon utanfrå.
No har Jon Olav Kriken stilt opp på to samlingar uten at andre enn Kjell Einar og Arnt-Helge har stillt opp.
Dermed vil samlinga med Jon Olav gå ut søndag 21. sept.
Det er likevel mulig å samlast for dei som kan/vil.
Keeperskulen ved Terje Kjøde samla 12 lovande keeparar, plass til fleire...
Det er mulig for fleire keeparar å bli med på skulen til Terje. Møt opp!!!
Til oppmenn og trenere på aldersbestemt fotball i ØIL.
Vi i økonominemden i fotballgruppen vil i år arrangere en avslutning for alle
lagene i ØIL fotball. Denne vil finne sted på Samfunnshuset 8. november. Her
vil alle spillerne få en statuett som takk for innsatsen for 2008. Det vil
bli matsalg, samt litt informasjon fra trenere om sesongen som har gått.
Vi ser for oss å dele opp i grupper slik at ikke alle laga er på samme tid,
men dette vil vi komme tilbake til.
Vi trenger også naturligvis å få tilbakemelding på antall spillere for hvert
enkelt lag slik at vi får kjøpt inn rett antall statuetter.
Etter utdelingen vil vi arrangere en åpen dans i regi av fotballgruppen. Vi håper
med dette å kunne markere avslutningen på sesongen på en litt mer helhetlig
måte.
MVH
Arne Johan Rebbestad
Mob. 920 18 070.
E-post:franchise.kiwi.orsta@ngbutikk.net
ESPEN STANDAL I G-16 LANDSLAGSTROPPA!
Espen Standal er tatt ut i troppa som skal spele EM kvalifisering på Island i perioda 22.-30.september. G-16 landslaget skal møte Ukraina, Sveits og Island. Dei to beste laga kvalifiserer seg til mellomrunden i mars 2009.
Ørsta Fotball ynskjer Espen lukke til og gratulerer!
Baneplan pr.19.sept.
Bruken av grasbana må reduserast resten av sesongen, derfor har enkelte lag fått nye treningstide. Gå inn på vedlegget for å sjekke ditt lag!!!
Friidrett er dei som disponerar stadion Måndag 17.00-18.30, tysdag og torsdag 18.00-20.00. Ingen fotballsparking inne på bana i denne tida!!!
Det er ikkje berre for at friidrett skal få trene ifred, men det er også fordi grasbana skal ha kvile. Ei grasbana har begrensa med brukstimar i veka/månaden. Slik at friidrettstida kvar veke er kviletid. Alle lag må respektere dette, dei som ikkje gjere det kan bli utestengd frå både gras og kunstgras.
Bane nemda!
TERJE REBBESTAD PÅ UTLÅN TIL ÅMDAL
Terje Rebbestad er utlånt til Åmdal ut haustsesongen. Vi ynskjer han lukke til, og vonar å ha han på plass att til neste vår!
T-8 startar opp etter sommarpausa
Første økt vert mandag 18.8 kl. 09.30. (Merk tida)
Nytt treningstilbod !!
Første felles trening/keepertrening blir søndag 31.august.
Terje Kjøde vil ha treningar for keeparane i klubben.
Jon Olav Kriken vil ha opplæring med trenarane i klubben.
Trenarane kan i samarbeid prøve ut nye treningsidear.
Les vedlegg for fleire detaljar. Alle lag vil også få dette tilsendt på mail.
Arnt-Helge
7 |