KAI HENNING LEIRA KLAR FOR ØRSTA
Kai Henning Leira har meldt overgang frå Volda, og er speleklar for Ørsta f.o.m. 14.8. Vi ønskjer han hjerteleg velkomen attende i klubben!
MINDRE JUSTERINGAR I TRENINGSGRUPPENE pr. 4.8.2008
- Kristian Solem og Torbjørn Sande er opptekne i A-stallen.
- Amir Muric og Eskild Dagfinrud er opptekne i juniorstallen.
LANDSLAGSDEBUT, LANDSLAGSMÅL OG NORDISK MESTER
|
Espen i landslagsdrakta Foto: Kenneth Moldskred |
Espen Standal debuterte for det norske U16-landslaget i åpent nordisk meisterskap. Norge vann til slutt heile turneringa etter å ha slått Island og Finland, og spela uavgjort mot England. I finala vart svenskane slått etter forlenga speletid. Espen var innpå i 3 av kampane, og opna også scoringskontoen med mål mot Finland.
Ørsta Fotball gratulerer!
Baneplan for haust 2008, veke 32-41. pr.21.aug.
|
G 13 fekk 2. plass i sognefjordcup. Veldig sterk prestasjon blandt 48 deltakande lag. |
No er alle kampar for hausten plassert i den nye baneplanen.
Friidrett sine stemne er plasserte, og treningane er flytta slik dei ynskjer iforhold til A-laget sine kampar.
Alle trenarar/lagleiarar har ansvar for å kontrollere om eg har gjort dette rett. Ber dokke spesiellt legge til merke tidspunkt for kampane, det er enkelte dagar med monge kampar....Skal vi få unna alle dei kampane, er det viktig at alle lag startar sine kampar når dei er satt opp.
Feil/korrigeringar sendast til arnt@mosmarka.no snarast.
Dommarliste
Her er dei som kan tenke seg å være dommar til hausten under 7ar eller 5ar kampar.
Fleire kan melde seg om dei ynskjer det. Send mail til arnt@mosmarka.no eller skriv inn i meldingsboksa til G16. Treng mobilnr. og namn.
Betaling er kr. 100,- for ein 7ar kamp. For å stille opp på ei miniturnering i 5ar fotball skal ein ha kr. 150,- for inntil 4 kampar.
Sjølv om gutane står på lista er det ikkje sikkert dei har tid kvar kamp, dei skal spele kampar sjølve også enkelte dagar...
ESPEN PÅ G-16 LANDSLAGET!
Espen Standal er utteken i landslagstroppa som reiser til Sverige i slutten av månaden for å delta i åpent nordisk meisterskap. Norge skal spele mot Island, Finland og England. Ørsta Fotball gratulerer, og ønskjer lukke til!!
Kontonummert som klubbgenseren skal betalast inn på, er 3992 05 02540 mrk med laget dykkar.
Klubbgensarane er på klubbhuset!!!
Lagleiar for kvart lag ansvarleg for å hente gensarane på møterommet på klubbhuset. Øystein har sortert og lagt dei i kvar si kasse med namneliste utanpå.
Lagleiar må samle inn pengane ved utlevering til spelar/trenar/foreldre...
Få dette gjort så raskt som mulig.
Baneplan for sommaren pr. 26.6.
Plan for sommaren, dei laga som ikkje skal trene i sommar må gi beskjed til : arnt@mosmarka.no snarast.
G 94-95-96-97 prøvar eit samarbeid om treningane i veke 27-31, dei av trenarane som kan hjelpe til sender mail til meg med kva veke som passar eller ikkje passar. Eg vil være der veke 27-29. Treninga er satt opp måndag og onsdag kl. 18.00.
Elles vil eg takke for ein fantastisk vårsesong for Ørsta fotballen. Dette lovar veldig bra for framtida. Det er stor og god aktivitet på alle årstrinn, både jenter og gutar.
Frå august vil ein prøve å få til eit trenarforum for alle trenarane i aldersbestemt, samt nokre treningssamlingar for spelarane på tvers av alder og kjønn.
Terje Kjøde kjem også til å ha nokre samlingar berre for keeparane våre, heilt frå 7 åringane til a-lags målvaktene.
Meir informasjon om dette vil bli lagt ut iløpet av sommaren.
GODE AMBASSADØRAR FOR ØRSTAFOTBALLEN
|
Spente gutar før avreise! |
Dino Redzepagic og Espen Standal er denne veka på samling i Porsgrunn for dei beste 16-åringane i landet. I fylgje spelarutviklar Arnstein Sandvik har dei gjort sakene sine bra så langt.
Dino debuterte på landslaget som høgreback tysdag i treningskamp mot Konnerud jr. elite, medan Espen deltok i ein internkamp mellom lag samansette frå utfordrargruppene. Begge har sjansen til å kvalifisere seg til troppa som reiser til nordisk meisterskap i Uddevalla på seinsommaren.
Samlinga varer t.o.m. torsdag, og begge skal spele ein kamp til.
Vi gratulerer igjen - og kryssar fingrane!
8 |