Klubbdressane!!!!!

Dei som kjøpte seg klubbdressar på klubbkvelden tidlegare hentar dei på G-sport snarast. Betal til G-sport.

For trykking av Ørsta il - fotball og sponsorane på ryggen + namn framme vil dette bli organisert i veke 27.

Innlevering av dressane til Arnt-Helge på klubbhuset søndag 29.juni kl. 18.30-19.00. Merk dressane med namn

Trykking tysdag 1. juli, retur mot betaling tysdag kl. 20.00 på klubbhuset.

Pris: Trykk på rygg: kr. 90,- namn framme kr. 40,- namn bukse kr. 50,-

Totalt kr. 180,-.  Det vil seie litt rimlegare enn tidlegare oppgitt(kr. 250,-)

Om du er på ferie eller noko anna gjer at du ikkje kan levere dressen den søndagen ring meg på 95202608 før søndag kl. 18.00, vi kjem til å organiserar dette i august også.


SOMMARPAUSE FOR T-8

Siste trening før pausa er fredag 20.6. Morgenøktene tek til att i august. Nærare tidspunkt blir kunngjort her på sida.


KLUBBGENSAR, NY FRIST FOR BESTILLING!!

Dette er genseren alle i fotballgruppa berre må ha. Styret har fått ordna ein kjempe flott genser som vi håpar alle vil kjøpe.

For kun kr. 250,- vil gensaren være ferdig trykkt med klubbemblemet og sponsorane våre framme og Ørsta IL, fotball bak. I tillegg kan dei som ynskjer det få trykkt på namnet sitt under emblemet for kun kr. 50,- ekstra.

Siste frist for dei som ynskjer redusert pris på gensaren er 27.juni. Alt etter den datoen må betale kr. 100,- ekstra.

For bestilling avtal prøving med Øystein Aasen på telefon: 47644006

For å sjå korleis gensaren vil sjå ut, klikk på vedlegget. Det er ei pdf.fil...


ØRSTA TREKT 1 POENG I 4. DIV.

 

 

 

 

 

SFK har etter å ha tenkt seg lenge om, beslutta å frata Ørsta 1 poeng sidan Werner Sundalskleiv spelte første seriekampen mot Herd 18.4., utan speletillatelse. Klubben har i tillegg fått ei bot på kr. 1500.

Det låg ikkje føre klage i saka, men SFK mottok såkalla "tips," i tillegg melde me sjølve frå dagen etter då me vart gjort merksame på feilen. (også etter "tips")

SFK opplyser elles at det ikkje finnast rutiner for kontroll av speletillatelse, heller ikkje etter at nytt reglement med poengstraff vart innført for lavare divisjonar i vår. 

Ørsta Fotball vurderer å klage saka inn for NFF´s ankeutval. 


G-16: Ørsta - Volda 1 - 1

Spennande guttekamp på KGB fredag 13.6. Voldingane trilla ball i velkjent stil og hadde spelemessig overtak i store delar av kampen, medan Ørsta var trygge og gode i forsvar med ein solid Amir i mål. Pauseresultatet var 0 - 0.

Andre omgang var spelemessig omlag som den første, men gutane makta å halde litt meir i ballen, og i perioder var ein på høgde også spelemessig. Det såg ut til å gå mot 0-0 når ordinær speletid var over, før dramaet starta: Først overser kampens elles gode dommar to klare frispark til Ørsta, før han sekundet etter gjev Volda frispark frå 18 m. Voldingane utnyttar dette og set frisparket inn bak Amir som nok var litt uheldig i denne situasjonen.  Gutane syner deretter høg moral ved å gå rett frå avspark og utnytte eit sovande voldaforsvar og utliknar til 1 - 1 på "overtid av overtida." Fin pasning frå Christoffer og trygt og godt sett inn av Espen. Dermed enda det 1 - 1, og det var totalt sett bra betalt for gutane.

Laget synte jamnt bra kvalitetar, spesielt i periodane Espen og Dino var på bana. Elles var Amir på plass etter lang tids sjukefråver, og skapte tryggheit bakerst. Framover på bana arbeidde Andreas F og Eskild knallhardt heile kampen gjennom og leverte solide prestasjonar. Det gledelegaste å sjå er likevel at laget kan fungere svært godt utan at fleire av dei "faste" deltek, og at dei yngre spelarane nyttar sjansen sin godt.

 


KIWICUP 2008

Velkomstskriv for Kiwicup 2008


KIWICUP 2008

Her er kampoppsett for Kiwicup 2008.


KIWICUP 2008

Her er informasjon om banene og parkering.

Alle hjarteleg velkomne til to kjempe dagar i Ørsta


ESPEN (16) TIL PORSGRUNN!!

Vår lovande spiss (toppscorar i 4.div.) Espen Standal er tatt ut i utfordrargruppa til G-16 landslaget som skal til Porsgrunn i sommar. Klubben gratulerer og ønskjer lukke til!!

 


Baneplan pr.13. juni.

Nokre små endringar...Ørsta A-lag sin utsatte kamp mot Sunnylven er satt opp 17.juni, Friidrett treninga flytta til 18.juni kl. 18.00



9